Her kan de lese litt om alle landa

me skal innom:

 

Kina

Thailand

Kambodsja

Vietnam

Laos

Malaysia

Peru

Mexico

Guatemala

USA

 

 

 

 

 

 

 

 

Me skulle rundt jorda, men det innebar ikkje alle kontinent. Me måtte hoppe over Afrika (til veslesyster sin store frustrasjon - ho ville gjerne sjå løve, etc), og Europa. Europa hadde me reist mykje i, og det vil vera lett å reise mykje meir der seinare. Australia vart og kutta ut.

 

Del 1 av turen vil bli Asia. Me fekk med uss Kina, Thailand, Kambodsja, Vietnam og Malaysia.

Del 2 er Sør-Amerika. Her skal me få med uss "alt" i Peru, før det vert ein avslutning med

Del 4 - Mexico, Guatemala og USA

 

Googlekart

Me reiste til Kina 14 november  (Mellomlanding i Moskva). Der fekk me med uss det viktigaste i Bejing og området rundt. Vidare til Bangkok 22 november. Her installerte me uss i eit hus i Jomtien før me starta på ein loffetur på ca 2 veker - til Kambodsja og Vietnam. Etterpå - attende til huset vårt, for å feire jul saman med pappen og tante/onkel og 2 søskenbarn.  Etter jul fekk me besøk av ein kompis av storebror og ei veninne av mammaen. 19 januar gjekk turen vidare til Malysia. Fekk sett ein del av Kuala Lumpur, før me sette uss ombord på flyet 22 januar, og forlet Asia for godt på denne turen.

 

Etter ein lang....(19.5 t) flytur, så landa me i Los Angeles. Her fekk me med uss Hollywood, før me reiste vidare til Lima 26 januar(mellomlanding i San Jose - Costa Rica). 

 

Dete var vårt lengste opphold i eit land i løpet av turen. Me var i Peru i 2 mnd. Fyrst eit par dagar i Lima, for å besøkje nokon stader som betyr mykje for uss. Så vil bussen nordover - til Piura. Der var me vel ei veke. Her besøkte me og viktige stader for uss.  Etter dette gjekk turen til Arequipa, og huset/leiligheten vår der. Her ros me uss ned, og inntok eit daglegliv. Borna var gjesteleever ved den norske skulen der, og me opplevde kvardagen i Peru. Mammaen fekk nokre dagar på eit intensivkurs i spansk...Me fekk besøk av ein familie til, og då tok me turen til Puno/Titicaca,  Cuzco og Macchu Picchu. Eit par dagar i Lima, før flyet toak av frå Lima 27 mars.

 

Så landa me i Mexico City. 2 dagar i byen, før me sette uss på flyet til Guatemala City. Her besøkte me ei "datter" me hadde på lån i sommar. Budde heime med familien hennes. Etter ei veke, var det flyet vidare til Cancun, og me fekk  med uss Chicken Itza og Isla Mujeres. 10 april gikk ferden vidare til Miami. Her var me skikkeleg turistar, og borna prøvde ut mange av dei svære parkane i Orlando. Her var  det og ein familie frå Norge med uss. 18 april reiste me til New York. Me måtta ha ein liten stopp her og, slik at avreise frå det amerikanske kontinentet vart 21 april. 22 april var det norsk jord under føtene att(etter ein mellomlanding i Reykjavik, Island)!

 

Ein fantastisk tur! Og me hadde ikkje endra lynkje på reiseruta om me skulle gjort det på nytt....

 

 

REISERUTA