På bloggane under kan de lese om planane våre, og følgje med på turen.

 

 

 

Mammablogg

 

Storebrorblogg

 

Veslesysteblogg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvifor gjorde me dette? Tanken var fyrst og fremst at ein berre angrar på det ein ikkje har gjort! Mange vil si at det er dyrt, og eit risikoprosjekt. Men me motbeviste det i stor grad - vil me påstå!

 

Me er enig i at det kostar ein del, men om ein ser på kva ein får att, så meinar me det er rett prioritering.

  • Tid til kvarandre - i den vanlege kvardagen heime, så vert det ofte hektisk. Det er skule, jobb, fritidsaktiviteter, møter, etc. No fekk me vera i lag 24 timar i døgnet - i over 5 månader. Det var ein unik mogelegheit me ikkje vil få att nokon gong.
  • Felles opplevingar - me fekk ei unik oppleving, saman, som me kan sjå attende på og prate om for resten av livet.
  • Reisa i seg sjølv. Tenk å få oppleve så mange land, kulturar, religionar, menneske, mat, musikk osb... Fyrstehåndserfaring gjer borna i stand til å koble saman teori og erfaring. Me opplever at den reisinga me har gjort, gir borna eit anna utgangspunkt for å lære. Det er mykje lettare å sjå for seg og forstå kva Buddisme er, når dei har vore i tempel, møtt munkar og sett religionen praktisert.
  • Språk, fått høyre og praktisert minst 2 språk i løpet av turen(engelsk og spansk)
  • Fått vera ei god stund i Peru, eit land som betyr mykje for uss. Opplevd kulturen, og få eit realistisk syn på kvardagen i her.

Me meinar me beviste at det ikkje var eit risikoprosjekt. Mamma var ikkje sjuk ei einaste gong, ongan hadde 2 dagar med diare/oppkast, men det mistenkjer me at var ein norsk omgangssjuke som kom med nokon som kom på besøk. Me gjorde alt me kunne for å minske risikoen til den minimale. Me oppheldt uss i områder med godt helsevesen og norske kontakter når me var åleine. Me tok nødvendige forhåndsreglar for å hindre å bli smitta av sjukdom, og kome ut for ulykker. Me vil store deler av tida og vera i lag med kjente. Me opplevde ikkje ei einaste gong nokon trugande situasjonar, og vart ikkje fråstjole noko som helst!

 

 

MÅLET MED TUREN