Ofte blir det med draumen når me vurderar slike prosjekt. Denne gongen bestemte me uss for at det ikkje skulle bli med draumen. Mottoen vart "Det me vil - det får me til!"

 

Me bestemte uss endeleg jula 09. Dermed hadde me nær eit år på å spare og gjera dei praktiske førebuingane..

 

Økonomi: Det er faktisk mogeleg å spare ganske mykje på eit ordinært forbruk (ihvertfall vårt....). Det var beinhard prioritering. Alle abonnement etc vart sagt opp, ingen innkjøp utanom det heilt nødvendige. Ongane fekk ikkje noko nytt i vinterklede/sportsutstyr, fordi det ikkje kjem til å bli brukt neste vinter i det heile - og dermed for lite til vinteren 2011. Det betyr og at det ikkje vert garasje i år heller ;-)

 

Tid: For å få det til, så måtte mamma søkje arbeidsgiver om permisjon utan løn i deler av tida. Heldigvis såg arbeidsgiver med positive auge på søknaden. Hjalp nok å ha hatt same jobb i over 15 år. Løysinga vart at ho sparte all ferie for 2010 til november/desember (hadde og overført ei veke frå 2009), så vart det permisjon utan løn i jan - mars 2011, før ho tek 2 ferieveker frå 2011. På den måten fekk me frigjort vel 5 månader.

 

Skule: Borna må sjølvsagt takast ut av skula, og mamma måtte stå ansvarleg for undervisninga. I tillegg var dei gjestelever på ei norsk skule i Peru. Dette var hovedårsaken til at me tykte me måtte gjera det no, og ikkje vente endå fleire år. Storebror vil ha att eit år på mellomtrinnet når me kjem att.

 

Det viste seg at dette ikkje vart særleg vanskeleg. Me gjorde det slik at me arbeidde intenst og grundig i dei periodane me var på same stad over lengre tid, også tok me det litt rolegare medan me loffa mest. I og med at eg hadde ansvaret for opplæringa, så hadde eg full oversikt over pensumet, og kunne godt koble det me såg og opplevde, med det dei hadde i pensum - teori/praksis. Alle bøker så nær som matta, var scanna inn og tilgjengeleg på minnepenner. (NB - lurt med minst 2, som blir oppbevart på forkjellige stader. Me klarte å rote bort ein, men då la me det og inn på back-upen me hadde med....)

Matteboka hadde me med, og den brukte me på alle flyreiser, flyplasser og bussreiser. Heilt optimalt!

 

 

KORLEIS FÅ DET TIL?