For å reise jorda rundt så er det mangt og mykje som må på plass. Her har me prøvd å skrive ned noko av det me gjorde i forkant av turen.  

Vaksiner, planlegging og anna småplukk

 

Vaksiner: Me måtte sjølvsagt ta ein god del vaksiner for å vera førebudd på det me kunne møte på vår tur rundt jorda. I og med at me har reist ein god del før og, så hadde me ein del. Men for mammaen så vart det til dels mange stikk, i og med at mange var i "for gamle" . Me har tatt no eller tidlegare: hepatitt A og B, Japansk encefalitt, gulfeber, tyfoid, "trippelvaksinen"(difteri, poliomelitt, stivkrampe og kikhoste). Begge borna har fått BCG som små barn. Må og nytte malariaforebyggjande i perioder der me er i risikoområder (Kambodsja, Vietnam og Laos).

 

Planlegging: det er svært mange timar med planlegging som må til, både for å finne ut kva me skal prioritere å få med uss på turen, kor me skal bu og korleis me skal kome uss frå a til b. Mammaen har ikkje tal på antal timar foran pc'n, både for å leite etter informasjon, men og for å sende og svare på mail til reisebyrå, hotell/husutleigere, få kontakt med skule/hjelpeorganisasjonar og mykje anna. Antall timar med lesing av reisehandbøker er og umogeleg å telje. Me har og brukt tid saman, for å finne stader og reiserute på kartet, førebu uss på kva me møter, og kva me skal sjå. Det er og etter kvart ganske mange som vil vera med uss på deler av turen, og det set me superstor pris på! Me må berre planlegge det litt, slik at me får tid til alle.

 

Innkjøp: I og med at me planla dette eit år i forvegen, så kunne me planlegge innkjøpa våre. Me trengte ein god del "backpacker-utstyr", og ved å abonnere på nyheitsbrev frå handysize og Nomaden, så nytta me uss av tilbod når det kom. På denne måten fekk me tak i flott backpackersekk, lakenposer, myggnett, reisehåndkle etc til ein rimeleg pris.

 

 

FØREBUINGAR: