På bloggane under kan de lese det me skreiv undervegs:

 

Mammablogg

 

Storebrorblogg

 

Veslesysteblogg

 

Blogg 2013

 

 

 

Galleri

 

Galleri 2013

(passordbeskytta

- må ta kontakt for å få tilgang)

 

Dette er ein liten titt inn i ein litt lengre tur me tok sommaren 2013. Dei som er med denne gongen er: mamma(43), storebror(13) og veslesyste(10) i 5 veker og pappa(43) - i vel tre veker. I tillegg er det ein familie til med så lenge som pappaen.

 

Dette er fyrst og fremst ein mogelegheit for familie og vener til å kunne følgje med uss medan me var på tur, men og for at andre skal få sjanse til å trekke erfaringar og få tips, dersom dei tenkjer på det same. Ta gjerne kontakt om de vil ha tips!

 

Reiseruta er: 27 juni: Oslo - Zurich - Chicago - San Diego. Her vert me 2 netter. Skal ha med uss Seaworld, før me set uss i leigebilen og køyrer oppover og innover. Me skal her ha med uss Joshua Tree park, route 66 med Oatman og overnatte i Seligman. Dagen etter er via ein tur gjennom Grand Canyon. Endar opp med ein overantting i Page. Vidare går turen til Bryce canyon, der me har 2 overnattingar. Så tek me Las Vegas (3 netter, inkludert 4 juli...). Håpar ¨å få til ein dagstur til Death valley. Me tok det mest sentrale av "stjernedelen" av LA på forrige tur, så me har tinga hotell litt utanfor LA denne gongen, for å få med uss Six Flags (berg- og dalbane park). Ein dag i Universal skal me og ha, før me byrjar på turen oppover mot San Francisco. 2 overnattingar på vegen, før me køyrer over Golden gate. I San Francisco vert det 2 netter, med ein tur til Alcatraz og elles det som høyrer til.

12 juli set me uss på flyet i San Francisco, og landar i Cancun. Kjente områder for uss, men me hadde det så kjekt sist, at det er heilt greitt å reise hit att. No har me leigd uss eit hus på stranda i 8 netter. Etter det reiser pappaen og den andre familien heim, og me er på'an igjen som loffere,..

20 juli er planen å fly til San Cristobal de las casas. Vera der nokre dagar, ta bussen vidare til Palenque. Sjå på dei fantastiske mayaruinane der og kose uss, før me tek buss vidare. Målet er å vera attende i Cancun til den 30 juli, då flyet vårt går heim til Oslo via Zurich.

 

 

 

 

TUR 2013 - USA OG MEXICO

ME TEK USS EIN LANGTUR TIL..,....